top of page

PRISAR 2024 /

VAKSEN: 800,-

BARN OPP TIL 15 ÅR: 600,-

​

SYKKELLEIGE KÅRDALSTØLEN - FLÅM: 375,-

​

GÅVEKORT: SEND OSS EIN MAIL FOR Å BESTILLE

post@flaamzipline.no

INFO

PRAKTISK INFORMASJON /

  • Minimumsvekt 25kg

  • Maksimalvekt 140kg

  • Ikkje tillate å vera rusa

  • Helse: Er du gravid, har rygg-, nakke-, hjarte-, lungeproblem, epilepsi eller andre sjukdommar som kan føra til anfall, bør du sjølv vurdera om det er forsvarleg å ta ziplinen

  • Ved dårleg vær kan ziplinen av sikkerhetsmessige årsakar stengjast

  • Syklar og større bagasje kan sendast ned med heisen utan ekstra kostnad

SLIK KJEM DU DEG HIT /

  • Ta Flåmsbana opp til Vatnahalsen stasjon. Frå stasjonen er det berre eit par minuttar å gå bort til topp-punktet for ziplinen.  

  • Kjem du med Bergensbana til Myrdal er det 1,5km, eller berre omlag eit kvarter å gå i retning Vatnahalsen stasjon. Du kan og ta Flåmsbana ein stasjon frå Myrdal til Vatnahalsen, så er du like ved. 

  • Myrdal stasjon ligg ca 45 minutt med tog frå Voss, og omlag ein time frå Geilo. 

  • Kjem du syklande eller gåande frå fjellet på Rallarvegen, går vegen rett forbi. Sykkelen får du med deg ned i eigen heis uten ekstra kostnad.

  • Har du bil kan du køyra fram dalen til ein liten parkeringsplass litt framom Blomheller stasjon. Derfra er det fint å gå den gamle anleggsvegen vidare fram dalen, forbi Kårdalstølen, og vidare opp dei 20 svingane til topp-punktet for Ziplinen. Dette er ein flott tur på 6km. Dei 4 første km er lette å gå, dei to siste noko tyngre, vel 20 svingar opp Myrdalsberget. Til gjengjeld kjem du tett på naturen og fossane som kastar seg utfor fjellsidene.

  • Ved Kårdalstølen har me syklar til utleige, slik at du evt. kan sykla ned til Flåm etter ziplineeventyret.

SLIK KJEM DU DEG HIT

Zipline-løypestreng-vareheis

​

Zipline er gammal tradisjon i Flåmsdalen, i ny drakt. 

Frå høgdegardar, stølar og utmarksteigar gjekk transport av varer, ved, høy, mjelkespann og anna, ja til og med dyr, på streng. 

Nokre strengar var motoriserte, medan andre gjekk på tyngdekraft. 

Utallige mål ved er rent ned til botnen av dalen frå utilgjengelege skogteiger. 

Det går historier om budeier som sende bukkane ned frå stølen om hausten, når paringa var over og dei berre gjorde ugagn. Det hende folk og tok heisane…

​

Så, løyp i strengen!

​

bottom of page